KLUBBTRØYE 2012 – NORHEIMSUND FOTBALLKLUBB 23.03.2012

KLUBBTRØYE 2012 – NORHEIMSUND FOTBALLKLUBB

Av Gisle

 

Ny klubbtrøye er klare på Mo Sport

KLUBBTRØYE 2012 – NORHEIMSUND FOTBALLKLUBB

Alle spelarar som er medlem i Norheimsund fotballklubb vil i 2012 få utlevert personleg klubbtrøye. Kostnaden med trøya er lagt inn i medlems/ treningskontigenten.Alle spelarar fødde i 2000 og yngre får spelardrakt med klubbmerking. Dei som er fødde i 1999 og eldre får trenings overdel med klubbmerking.

På denne måten vil alle spelarar fødde før 1999 ha personleg spelardrakt til både trening og kampar.

Kvar spelar må fylle ut skjema. Spelarar under 16 år må ha underskrift frå foreldre. Me har avtalt med Mo Sport at trøyene kan hentast hjå dei frå onsdag 28. mars. For å få ut trøya må vedlagde skjema fyllast ut. Det ligg skjema i butikken.

NB ! det skal fyllast ut eit skjem for kvar spelar. Skjemaet vil samstundes gje grunnlag for å oppdatere klubbens medlemsliste. Støttemedlemmer kan og ta ut klubbtrøye, fint om de skriv støttemedlem i staden for fødselsdato i skjemaet. Det vert då fakturert kr 400 i tillegg til kontingent for støttemedlemsskap.

NB! Dei som ynskjer personleg merking/ nr på trøya, kan sjølv kjøpe dette i butikken hjå Norheimsund Industrier. Alternativt merk trøyene godt sjølve.

Namn spelar, (støttemedlem)
Fødsels dato (støttemedlem)
Jente/Gut
Telefon spelar
e- post spelar
Postadresse spelar
Spelar under 16 år Foreldre opplysning under
Navn Føresett
Telefon føresett
e– post føresett
Postadresse
Namn Føresett
Telefon føresett
e-post føresett
Postadresse

 

Signatur føresett :………………………………………………………

23.03.2012 18:00

Leave a Reply

Your email address will not be published.