A-Laget styrkar trenarteamet!

Det er no klart at Bjørn Atle Austevoll vert med i trenarteamet rundt A-Laget saman med hovudtrenar Harald Aksnes og hjelpetrenar Eivind Madsen Skeie.

Bjørn Atle har tidlegare spelt seniorfotball for Austevoll, Kalandseid, Smørås, Os og Norheimsund. Han har og vore trenar på både aldersbestemte lag og seniorlag for Smørås og Fana. Med andre ord ein fotballfagleg sterk person som kjenner både bygda og klubben.

Norheimsund Fotball er veldig nøgd med å få ein slik ressursperson inn i klubben, og er sikre på at dette vil styrkje den gode utviklinga som har vore rundt A-Laget denne sesongen!

Helsing styret
v/ Leiar Thor-Arvid Pedersen

Comments are closed.