Gutar 8 år på cup i “storbyen”!

NFK gutar 8år var sundag 1/12 i “storbyen” Bergen og spela FRAMO Fotballcup24 i Vestlandshallen. Dei fekk måla krefter mot to lag frå FK Bergen Nord og eit lag frå FK Fyllingsdalen. Gutane viste stor fotballglede og det kom mål begge vegar i 3 jamne og underhaldande fotballkampar. Det enda til slutt med to knepne tap og ein avgjort.

image
Dagens tropp bestod av: Teodor Valland Røen, Sverre Valland Nordheim, Trym Gauteplass Skår, Eirik Dørum Lie, Thomas Øyeflaten, Kasper Snilstveit Lundervik, Jarand Holmefjord Tyssen, Asumani Mugisha og Teodor Græsdal Pedersen.

Comments are closed.