Bli støttemedlem i NFK

Eit støttemedlemskap kostar kr 300,- per år. I tillegg til å støtta vårt arbeid vil du også dra nytte av dei medlemsfordeler og avtalar klubben har med våre samarbeidspartnarar. Du vil også ha stemmerett på våre årsmøter slik at du kan vera med å setja ditt preg på klubben sin framtid.

20140102-192954.jpg

Norheimsund Fotballklubb er ein av dei største klubbane i Kvam og fokus for klubben er aktiv satsing på gode fotballspelarar – men vel så viktig fokus på haldningar og at alle skal ha ei trygg ramme rundt aktiviteten dei driv med.

Aktiviteten i klubben er stor gjennom sesongen, og det er aktivitet kvar dag på bana. Her er det også open kafé og me oppmodar alle til å koma innom i bland for å sjå på aktivetar og bidra til at me får til ei god ramme for alle i og rundt fotballen. I heile skuleåret driv klubben også eit fotballakademi for born som går i 2-7.klasse.

Men for å oppretthalda gode aktivitetar er me avhengig av at me får inn pengar til å drifte banen, kjøp av mål, vestar, ballar, betaling til dommarar, drakter, kjegler, reiser osv.

Betal kr. 300,- til konto 3530.05.02480, og merk betalinga med “Støttemedlem 2015” og “Fødselsdato”. Du vil då få tilsendt faktura for støttemedlemskap i 2016.

Støtt også Norheimsund FK når du tippar!

Dette vil ikkje kosta deg deg noko ekstra, korkje av innsatsen eller det du måtte vera heldig å vinna. Derimot sikrar du Norheimsund Fotballklubb inntekter kvar gong du spelar, og om me er mange som støttar klubben på denne måten vil det gje kjærkomne pengar i klubbkassa.

Comments are closed.