Sindre Austevoll i form mot Fana!

Bergensaren som tidlegare har spelt for Fana var i slag mot gamle lagkameratar. Spissen hadde ikkje skåra før i sesongoppkøyringa, men i kampen mot Fana viste han målskårarteft og putta alle dei tre måla som sikra ein 3-1 siger denne regnfulle kvelden.

Det første målet kjem etter eit langt utspel frå Christian Kjosås, som passa buret i Morten Skeie Madsen sitt sjukefråvær. Utspelet spratt over Fana sitt forsvar, Sindre Austevoll utnytta sjansen sin og sat ballen i mål på eitt touch.
Fana utlikna etter eit skot som gjekk innom ein Norheimsund spelar. Dermed blei stillinga 1-1, noko som var stillinga til pause.

20140217-000256.jpg

I andre overgang viste heimelaget seg frå ei betre side etter ein heller svak første omgang.

Dei første minutta heldt Norheimsund bra på ballen og skapte med ein gong ei god målsjanse. Ikkje lenge etterpå sender Sindre Austevoll laget opp i leiinga etter eit skot som skrudde seg inn i krysset frå kanten av sekstenmeteren. Klasseskåring!!!

Ut over kampen skulle det blei fleire sjansar, og mange av dei kom på dødballsituasjonar.
Då Bjørn Atle Austevoll tok over laget etter Johnny Mikal Gallefoss i fjor, starta dei med faste dødballar, noko som har blitt eitt farleg angrepsvåpen ved utallege situasjonar.
Tredje målet kjem ikkje på dødball, men på innlegg. I forkant får Eivind Skeie Madsen ein lang pasning i korridor. Kapteinen lobbar ballen inn på bakre til Sindre som har tid til å dempe ballen og set inn årets første hat-trick.

Startende:
Christian Kjosås, Eivind Madsen Skeie, Lars Eirik Berge, Markus Austevoll, Andreas Kvåle, Jørgen Langeland, Mathias Dahl Ellingsen, Edvard Tvedt, Sondre Grøteide, Sindre Austevoll, Øyvind Berge.
Inn:
Simon Simonsen, Thomas Aarnes, Fredrik Røen og Christopher Fyllingen.

A-laget er godt nøgde med årets første siger mot eit godt 4. divisjonslag. Sesongen er enno ikkje i gong, men viss prestasjonen i andre omgang er standarden, kjem dette til å verta ei kjempespanande sesong frå første stund.
Neste treningskamp er torsdag 20.februar borte mot Nymark, og den siste før NFK reiser på treningsleir i Tyrkia.

Comments are closed.