B-Laget med ny siger i treningskamp mot Rosendal

B-Laget fortsatte oppkøyringa til kommande sesong med treningskamp mot Rosendal sitt A-Lag tysdag 25. mars. På Norheimsund stadion i flott ver, kom vi godt i gang med entusiasme og energi.cropped-6_NFK_VALGT1.png

Kampen starta med eit nokså oppjaga tempo frå begge lag. Omlag 15 minutt ut i omgangen vart fekk bortelaget eit frispark på vår venstre side, som vart slått inn i feltet, og etter klabb og babb så fekk Rosendal kjempa ballen inn i mål. Etter avspark kjørte NFK på med bra tempo og skapte fleire store sjansar for å lage mål, vi hadde nokre enorme sjansar både på gode dauballar, som vart redda på strek, og gjennomspel kor vi kom alene med keeper. 35 minutt ut i omgangen løna det seg for NFK, og etter eit flott gjennomspel så fekk vi dobbel sjanse og på det tredje skulle det skje når Simon Simonnes satte ballen i nettet og utlikna til 1 – 1.

I starten av 2. omgang vart det mykje spel utan dei store sjansane, og ein del spelarar vart bytte inn med imponerande bidrag med ein gong. Etter omlag 70. minutt kom Jørgen Langeland på et djupt løp, som enda opp med at han vart lagt i bakken innanfor 16-meteren og dommaren pekte på straffemerket. Brynjar Berge Mo ekspederte ballen sikkert i mål til høgre for keeper og sendte heimelaget i 2-1 leiing. Utover i omgangen
vart det skapt fleire store sjansar for begge lag, aller nærast var Rosendal med ein dobbelsjanse der dei traff både stolpe og tverliggar. Nærare kom ingen og kampen enda med heimesiger og 2-1.
Me vil takka Rosendal hjarteleg for å ta turen, og for ein fin kamp og gjennomkjøring for begge lag. Kjempekjekk gjeng og samtidig ønskjer vi dei det beste og lykke til med sesongen sin i 6. divisjon i 2014.

Comments are closed.