Helga 20-22.juni reiste 8 lag frå Norheimsund Fotballklubb til Eidfjord Småbanecup for spelarar i alderen 7-14 år. NFK hadde leid heile den gamle skule på Sæbø i Øvre Eidfjord. Der rigga folk seg til med både telt og campingvognar, mens dei fleste borna overnatta på skulen, gutane i gymsalen og jentene i eit anna større rom.

Rundt 80 spelarar frå klubben deltok frå 3. til 7.klasse. Mange foreldre overnatta på skuleområdet, og både foreldre og besteforeldre kom på dagsbesøk og såg på dei totalt 34 kampene som vart spelt av NFK-laga.


Det var spela kamper heile helga der nokon lag starta med kamper allereie fredag ettermiddag og dei siste laga spelte kamp sundag i 15-tiden. Totalt var det scora 59 mål av NFK-laga og det vart flerie sigrar enn tap Gutar 13 år kom til semifinalen der dei slapp inn eit surt mål i siste minutt som gjorde at det vart uavgjort og dei tapte på corner. Men dei kom på ein flott 3.plass og fekk med seg stor pokal til klubbhuset :-). Jenter 13 år kom på ein fin 4.plass i turneringa
Laga under 13 år vart ikkje rangert.

Helga kan seiast og vera ein stor suksess for alle dei som var med både sosialt og sportsleg. Borna leika saman på tvers av kjønn og alder, og dei vaksne fekk møte vener, kollegaer, gamle og nye kjende Dette var første gong på lenge Norheimsund Fotballklubb reiser i større flokk på cup med overnatting, så vi har gjort oss nokre erfaringar slik at dette vert ein endå større suksess neste gong. Kom gjerne med innspel gjennom trenarar og foreldrekontaktar, så tek klubben ei evaluering med desse etter sommarferien.
Endå fleire bilete frå ein flott helg:
(Har de bilete frå cupen så tek vi gledeleg imot dei)









