Resultat A-lagskamp: Norheimsund – Gneist 1-0 (1-0)

Håvard Markhus, Norheimsund Stadion 29.08.2014

Kampfakta:
NFK: Christian Kjosås – Nikolas Drakos, Lars-Eirik Berge, Markus Austevoll, Andreas Kvåle (Sondre Grøteide frå 45) – Eivind Daniel Røed, Hans Berge, Edvard Tvedt, Eivind Madsen Skeie (Jørgen Langeland frå 86) – Sondre Eskeland (Thomas Aarnes frå 65), Stig-Edvin Aksnes (Jens Ivar Melås frå 86)

1-0 Stig Edvin Aksnes (32 min)

Gult kort: Eivind Madsen Skeie

Tilskodartal: 85

Norheimsund sikra seg tre svært viktige poeng då dei slo Gneist 1-0 på heimebane fredag. Målet kom ved tidlegare Færøyane-proff Stig Edvin Aksnes, som heada ballen kontant i mål etter eit innlegg frå Eivind Madsen Skeie etter ein halvtimes spel.

Norheimsund gjekk rett i angrep i kveldens kamp, og skapte fleire gode sjansar dei første minuttane. Deretter var det Gneist som skapte to store sjansar. Den eine gongen kom ein Gneist-spelar heilt åleine med Christian Kjosås, som redda meisterleg. Litt seinare kom den viktige scoringa til Aksnes, som gjev Norheimsund FK nytt håp om å behalda plassen i 4. divisjon.

Også i andre omgang hadde begge laga gode sjansar, men fleire mål vart det ikkje. Dommaren la til svært mange minuttar, og viste også bort ein av Gneist-trenarane, men til slutt blæs dommaren av og NFK-spelarane kunne jubla etter tre etterlengta poeng.

At Gneist før dagens kamp stod med tjue poeng meir enn heimelaget virka nesten uforståeleg. Kveldens kamp mellom eit botnlag og eit topplag var jamnspelt, noko som fortel litt om eit NFK-lag som har hatt svært mykje stong-ut og som har potensiale til å klatra på tabellen. Det er med andre ord framleis håp om å halda plassen i 4. divisjon!IMG_3325.JPG

Comments are closed.