Vel overtstått Torgdag i Norheimsund 2014

Årets torgdag i Norheimsund er over for denne gang og NFK må takka for alle dugnadstimer som har gjort det mogleg å avvikla eit slikt vellukka arrangement!

bilde 1

Arrangemenstkomitèen anslår at eit sted mellom 3000-4000 vitja Norheimsund sentrum denne flotte septemberdagen, og dette er vesentleg meir enn tidligare år :-) Folk kom på dagsbesøk frå uti fjorden, inne i fjorden, Vossatraktene, Samnanger og Bergen. Både hytte- og bubilturistar var godt representert i tillegg til alle kvemmingane som hadde teke turen.

NFK har i år satsa på å auka både talet på utstillarar/standar og underhaldningsinnslag frå scena Totalt 64 utstillarar fyllte Kaien og Nedstegata og deler av Grova. I tillegg hadde mange av butikkane i sentrum utstilling framfor sine butikklokalar.
Gjennom dagen var det 7 innslag på torgscena med lokale bidrag som Kvammaduren, Ole Gjerde, Katrine Helgheim og Norheimsund skulemusikkkorpsder. Høgdepunktet var Finn Erix som storkoste seg bortimot ein time på torgscena. Det også gjennomført finale i triksekonkurransen på scena som vart vunnet av Are Kolle!

bilde 2

Både gjester, utstillarar, underhaldarar og butikkane sine tilbakemeldingar var at dei var godt nøgde med arrangementet. Eit slikt arrangement hadde ikkje vore mogleg å dra i land utan den framifrå dugnadsinntatsa frå engasjerte og positive folk.
Klubben takkar arrangementskomitèen, kafegjengen, riggegjengen, servicegjengen til utstillarane og alle andre som har hjulpet til!

Vi gleder oss til å byggja vidare på årets suksess dei neste åra, og i den samanhengen så tek vi gjerne imot tilbakemeldingar som kan gjera oss endå betre (send e-post til thor-arvid@kvam-kraftverk.no)

Video frå torgdagen 2014 (Takk til Øyvind Sollesnes i Reflector Produksjoner!)

 

Comments are closed.