Oppstart senior A

Tysdag 9.desember var A-laget samla i klubbhuset til eit oppstartsmøte og trenarteamet med Harald, Svein og Eivind presenterte idear og opplegg for komande sesong.

A-gruppa vert ei god blanding av både rutinerte og unge framandstormande spelarar. I gruppa er det rundt 20-22 spelarar klare for å bidra i 2015-sesongen, og vi satsar på at nokre til vert med utover vinteren.

Det vert 4 treningar i veka (måndagar, tysdagar, onsdagar og torsdagar. A-gruppa vil ha eit tett samarbeid med B-gruppa med jamlege internkampar.

Etter møtet hadde gruppa ei speleøkt, og vi noterte oss blant anna eit elegant mål av Johannes Røyrvik og ei kontant heading i mål av Jon Asle Lie som begge på godt norsk er «local lads» og klare for comeback.

PS. Vi satsar på at nokon «stjel» Harald sin jaktponcho før neste trening :-)
IMG_3487.JPG

Comments are closed.