Mest aktive fotball-gjengen i klubben?

Jenter 14år hadde i 2014 (jenter 13år) ein vanskeleg sesong i kretsserien. Dei møtte god motstand og ofte gjekk dei på store tap. Men heldigvis stoppa ikkje dette dei i å stå på og spele fotball. Gjennom knallhard trening i sommaren, der ein del også deltok på Sparebanken Vest fotballskule, gjekk haustsesongen mykje betre og dei vann kampar mot antatt betre motstandarar.

Nett som alle andre lag avslutta sesongen deira i slutten av oktober og dei kunne byrja på ein god fotballferie, men denne gjengen tenkte ikkje på noko ferie..! Dei hadde 2-3 gonger «eigentreningar» i veka frå sesongslutt og fram til jol!

Desse jentene er Norheimsund FK verkeleg stolte av!

Sesongen 2015 vert spennande for jentene då skal dei ut i 11ar fotball! Stå på jenter!

IMG_3242-3.JPG
Nokre av jentene under Sparebanken Vest fotballskule sommaren 2014.

 

 

Comments are closed.