Norheimsund FK – Sleipner Sportsforeining (Treningskamp)

Ein solfyllt laurdag i mars (21/3-15), møttes Norheimsund FK sitt A-lag Sleipner Sportsforeining til den årlege treningskampen på Norheimsund stadion.

1.omgang:
I solskinnet starta våre gutar best, men uheldige på ein langball frå Sleipner stusser Lars Eirik Berge ballen i eiget nett. Bare minuttar etter diskar NFK opp med eit klasse angrep, der ballen til slutt vert lagt vakkert inn frå Eivind Madsen Skeie og kontant satt i nota av Simon Simonnes. Dessverre snur lykka litt då vi nok ein gong surrar til i bakre rekker, og ein kommunikasjonssvikt får verst tenkelege følgjer og Sleipner får heade ballen lett i mål. Etter dette vert omgangen prega av usikkerheit og det vert gjort ein god del enkle feil, og temperaturen i kampen stiger. Det vert fleire og fleire,  og tøffare og tøffare duellar!

2.omgang:
Etter ein god kvil, kom laga ut igjen på vår evigegrønne matte. Kampen kom i gang og NFK sleit fortsatt med å finne fram til godspelet, men spelets gang snudde seg ein god del når evigunge Rune Kolltveit entra banen samen med ein annen gammal kjenning i Johannes Røyrvik. Med speleglade menn på banen blomstra atter NFK-gutane til Sleipners store frustrasjon. Dommar for dagen, Kristian Flem, skulle få prøvd seg i å halde vårgalne ungdommar i hende, og måtte på eit tidspunkt be spelarane roa seg kraftig ned etter mange litt vel dryge taklingar. Sidan dette var ein vennskapskamp, vart korta pent verande i lomma, men alle var einige etter kamp om at, tja et eller to kort i ulik farge ikkje hadde vore feil.

Sjølv om NFK mot slutten jaga ei utlikning så vart det med ei scoring for gutane i dag, og sluttresultatet vart eit litt skuffande 1-2 tap mot eit Sleipnerlag som verkeleg ofra alt for å slå våre gutar.

Comments are closed.