Juniorlaget  med 3 nye bortepoeng

Tirsdag 5. mai tok juniorlaget turen for å møta Fana 2 borte. 

Dette var et lag me sleit mot i fjor, så me var motiverte for å vise oss frå ei bedre side i år. 1 omgang var stort sett jevn med mulighetar for begge lag. Etter litt for mykje passitivetet rundt eget mål fekk vertene frå Fana banka inn både 1 og 2 – 0. Me var likevel fullt med i kampen med noken fine skuddforsøk samt et frispark som klinka i tverliggaren. 

Etter litt kvalitetstid i garderoben var ny plan lagt. Den nye planen fekk et feilskjær omtrent med ein gong då Fana gjekk opp til 3 -0  etter kort tid spelt av 2. omgang. Spelarane jobba likevel strålande på vidare og fekk ein redusering ved Even Loftås.  Ikkje mange minuttane etterpå plasserte Eivind Skodvin et nydelig langskudd utagbart i målet til vertene. Norheimsund kjørte virkelig på og heimelaget hadde store vanskar med i og heile tatt komm ut frå egen banehalvdel. Etter ein corner var endelig utligningen et faktum og det stod 3 – 3 på tavla. Fint driv i gjestene no og rundt 75 minutt så tok me leinga etter et fint mål av Daniel Hansen.

Juniorane våre var ikkje ferdig med festen og  Johannes Neteland satte punktum med et frispark til sluttresultat 3 – 5 seier.  
Med ein ok 1. omgang og strålande 2. omgang var det glimrande moral og kvalitet i laget som stod for denne snuoprasjonen.

Neste kamp for juniorane vert heime mot Nest Sotra/Nordre Fjell 2 mandag 25. mai kl 18:00.

Comments are closed.