God veke for aldersbestemte laga

Det er ikkje berre junior- og seniorlaga som har hatt ein god veke i NFK-drakt.

G14 hadde vunne alle sine kampar i 3.divisjon avdeling 3, men skulle ut i 2 vanskelige kampar mot Voss og Os 2. Bortekampen sundag 31/5 mot Voss vart ein tøff kamp og Norheimsund skora vinnarmålet 30 sekund før kampslutt og det vart 4-5 siger! Fredag 5//6 spelte laget heimekamp mot Os 2, og dei viste ingen nåde og vann 9-0!! NFK G14 leder avdelinga med siger i alle sine 6 kampar, og har ein bortekamp igjen 13/6 dei tek startar oppladninga mot årets høgdepunkt som er Dana cup.

G13 har også starta sesongen med siger i sine fire første kamper i 2.divisjon avdeling 5. Mot avdelingsleiar Harding måndag 1/6 vart det tap i ein bortekamp som enda 4-1. Dei gjorde godt frå seg i heimekampen mot Odda fredag 5/6 og vann til slutt 6-4! Veldig bra! G13 ligg no på 2.plass i avdelinga 3 poeng bak avedlingsleiar Harding. Siste kamp før Eidfjord cup og sommarferie vert lokaloppgjer mot Øystese 13/6.

G12 er også i støtet. Fyrst vinn dei borte mot Arna Bjørnar og igår slår dei Stanghelle med 11-3!! Glimrande!

J14 har slitt i kretserien der dei spelar mot sterke lag frå Bergen, samt lag frå Øystese, Voss og Vaksdal. Det beste har vore ein uavgjort kamp, og siste heimekamp 2/6 tapte dei i lokaloppgjeret mot Øystese. Dei har flerie kamper igjen før sommarferien og vi ønskjer dei lykke til.

 

Comments are closed.