5 jenter/gutar til sonesamling for 2003

Kvart år kan kvar klubb sende inn spelarar til sonesamlingar som dei synest fortener ei ekstra utfordring. I år er det G12 og J12 sin tur til å få prøve seg ute blant dei beste spelarane i regionen.

På G12 så er det Håkon Flem, Ola Sjovat Neteland og Eivind Solberg som får sjansen. Alle 3 spelarane går på Stjerneakademiet i tillegg til at dei allereie har fått prøvd seg på G14 laget som spelar 11ar fotball.

På J12 så er Andrea Fosso og Ronja Garen tekne ut til samlingar. Dei er motoren på J12 laget og me synest dei fortente ei ekstra utfordring :)

Det er vert samlingar i sone 5 – HARDANGER/VOSS som følgjer:
Granvin – 7/11 både jenter og gutar
Voss – 11/11 og 15/11 jenter
Øystese – 11/11 og 15/11 gutar

Me ynskjer spelarane lykke til på samlingane!

Lenkje til info frå kretsen om samlingane – http://www.fotball.no/Kretser/Hordaland/FAQ/Nyheter-2015/Sonesamlinger-/

Comments are closed.