Då er kampsesongen vel over for alle laga i Norheimsund Fotballklubb bortsett frå NFK Futsal som starta sesongen i 1.divisjon første helga i november. Dei fleste laga har framleis treningar, og nokre lag trenar inne mens andre framleis held ut ute. Ungdomslaga (G13 og G14) har teke pause til litt ut på nyåret. I tillegg er Stjerneakademiet aktiv heile skuleåret 3 dagar i veka.
Klubben har denne sesongen hatt med 17 lag i seriespel og ymse cupar. Nye lag som har spela serie/cup i år har vore junior dame, jenter 14 år og mix 7 år. Det har vore lag med i den lokale Hardangerserien(opp til 12 år) og kretsserien for Hordaland, samt cupar som Øystese cup, Eidfjord cup, Dana cup, Sparebanken Vest sommarcup og Arna-Bjørnar haustcup. I tillegg skal eit lag også vera med på FRAMO Fotball24cup i slutten av november.
I seniorfotballen har både A-Lag menn og B-Lag menn har hatt greie sesonger i 5.divisjon og 7.divisjon med 6.plass og 5.plass som for begge lag var midt på tabellen.
Junior dame enda i haustesesongen på 7.plass i 1.divisjon.
I ungdomsfotballen var Jenter 14 år eit nystarta lag denne sesongen og sleit i 2.divisjon i vårsesongen der dei berre fekk eit poeng. Under Eidfjord cup løsna det litt og dei vann B-finalen. Under seriespelet i haustsesongen var da tøft, men dei fekk seg ein siger og enda til slutt på 9.plass i 2.divisjon avdeling 4.
Gutar 14 år spelte både vår- og haustsesongen i 3.divisjon og tok heim to avdelingssigarar. Under krinsmeisterskapen i 3.divisjon var lag som Kjøkkelvik/Olsvik og Nordhordland for sterke. Gutane reiste i sommar til Dana cup der dei tok seg vidare delfinalane, men måtte gi tapt for Byasen i 16-delsfinalen.
Gutar 13 år spelte i vårsesongen i 2.divisjon der dei og Harding var suverene i si avdeling, dei spelte i serie mot lag frå Voss og Hardanger og dro i land ein sterk siger i lokaloppgjeret mot Øystese. Under Eidfjord cup kom dei seg til sluttspelet og vant A-finalen etter “sudden Death” mot Kringlebotn! I haustsesongen spelte dei i 1.divisjon avdeling 1 mot storklubbar som Fana, Minde, Brann og Nest-Sotra der dei klarte seg bra og enda til slutt på 7.plass berre 3 poeng bak 4.plassen.
I barnefotballen har laga for 11- og 12-åringane spelt 7ar-fotball i kretserie. Gutar 12 år har spelt mot lag frå Kvam, Vaskdal, Arna og Åsane og dei har klart seg veldig godt. Gutar 11 år har spelt i serie mot lag frå Kvam, Fusa og Samnanger der dei har klart seg veldig bra! Jenter 12 år spelte i serie mot lag frå Kvam, Samnanger, Fusa og Os og har etterkvart slått ifrå seg. Dei var alle med til Eidfjord cup der dei også klarte seg bra!
8-10 åringane sine lag har spelt i ein soneserie kalla Hardangerserien med lag i hovudsak frå Kvam. I tillegg til å ha delteke på lokale cupar i Kvam så var dei fleste av desse laga med til Eidfjord cup.
12-15. august arrangerte klubben årets Sparebanken Vest fotballskule for jenter og gutar fødd i 2002-2008. Dei har fått eige draktsett som dei nytta alla dagane under instruksjon frå instruktørar frå Stjerneakademiet, spelarar frå seniorlaga og gutar 14 år. Rundt 70 born frå både Norheimsund, Øystese, Tørvikbygd og Strandebarm deltok dei desse innhaldsrike sommardagane.
Laurdag 12. september arrangerte klubben torgdag i Norheimsund for Norheimsund Næringslag. Torgdagen vart veldig godt besøkt! Utstillarane betalar ein avgift til NFK for å ha stand på torgdagen, og både gjester, utstillarar, underhaldarar og butikkane sine tilbakemeldingar var at dei var godt nøgde med arrangementet.
For at alle aktivitetar og arrangement i regi av Norheimsund Fotballklubb skal gå rundt er klubben er avhengig av ein stor dugnadsinnsats!. I 2015 har baneområdet har vore regelmessig rydda. Alle treningar i barne- og ungdomsfotballen, delar av treningar i seniorfotballen og innsatsen rundt kvart lag i klubben har vore dugnadsbasert. Det har vore kafèdrift på kampar i barnefotballen, A-lagskampar, minicupar, under Tour de Fjords, fotballskulen, Sparebanken Vest sommarcup og torgdagen i Norheimsund. Det har vore rigga på førehand og i etterkant av arrangement. Folk har bidrege som dommarar, premieutdelarar, ansiktsmalarar, speaker, og ikkje minst har nokon teke ansvaret med å få arrangementa til å gå rundt. Heile klubben er SVÆRT TAKKSAM for alle dugnadstimer vert lagt ned for klubben i løpet av året! Så nøgde spelarar (både vaksne og born) og foreldre hadde da ikkje vore utan denne positive og engasjerande dugnadsinnsatsen! Det står endå igjen litt dugnad i 2015 der julegateopninga i Norheimsund er den største enkeltdugnaden.
Klubben har 8 sponsorar som bidreg betydeleg med økonomisk stønad kvart år. Takk til Sparebanken Vest, Mo Sport, GBS Entreprenør, REMA1000, Fargerike, Lingalaks, Kvam Auto og Kvam Kraftverk.
Klubben startar no førebuing for neste sesong! Til kvar sesong trengs det tilførsel av fleire eldsjeler som ønskjer å bidra til at aktiviteten i, drifta av og engasjementet rundt klubben held fram på ein god måte! Det trengs trenarar, foreldrekontaktar, styremedlemmer, folk til arrangementskomitèar, kafèadministratorar osv. På årsmøtet i februar/mars vert det valt medlemmer til klubbstyret som dei siste åra vore organisert med følgjande funksjonar: styreleiar, kasserar, sekretær, informasjon- og sponsoransvarleg, arrangements- og dugnadsansvarleg, anleggsansvarleg og sportsansvarleg. Fleire i styret har vore med lenge å det er alltid greit med nye fjes som kan bidra
Kanskje er du den valkomitèen skal kontakte i år? De kan kontakta underteikna eller andre i styret om de har spørsmål om styrearbeidet eller har tips om kandidatar.
Takk for eit flott fotballsesong i Norheimsund Fotballklubb!
Styret v/leiar Thor-Arvid Pedersen