Mogeleg samanslåing Øystese Fotball og Norheimsund Fotball

Orientering – Mogeleg samanslåing Norheimsund FK – ØIL fotballgruppa

Styret i Øystese Fotball (ØF) fekk i slutten av september ei hendvending frå Norheimsund FK (NFK) om ein ville sjå på mogeleg samanslåing av fotballklubbane. Styret i ØF var positive til å gå i dialog med NFK angåande dette temaet, og fekk tillatelse av ØIL hovudlag til å gjera dette.

Det er sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå styrene i begge klubbane, som skal
utarbeide forslag til samanslåing og organisering.
Forslaget vil bli behandla av medlemmene i ekstraordinært årsmøte.

Arbeidsgruppa har hatt to møter; 13. september (intoduksjonsmøte) og 27. September (arbeidsmøte).

Det vert lagt vekt på at dette må vere ein åpen prosess, der alle medlemmer i begge klubbane får koma med sine synspunkt. Saksdokument utarbeidd av arbeidsgruppa vert gjort i tilgjengeleg for alle i god tid før ekstraordinært årsmøte, slik at ein kan setja seg godt inn i forslaget. Til sist vert saka avgjort i ekstraordinært årsmøte.

Dersom ein ynskjer å koma med innspel til arbeidsgruppa før årsmøtet, er ein velkomen til dette. Ber om at dette vert stila til post@norheimsundfk.no.

Viser også til reportasje i HF tysdag 4. oktober, der både Leiar i NFK og ØF stilte til intervju om temaet i HF.

Ynskjeleg framdrift er at det vert kalla inn eit ekstraordinært årsmøte i november.

Styret NFK

Comments are closed.