Barne – og ungdoms fotballen 2017

Barne – og ungdoms fotballen 2017

Rekrutteringa i klubben er fantastisk og me vil i 2017 setja nye rekordar (håpar me) med tanke på aktivitet og aktive spelarar både på jente og guta fotballen. Her har me hatt ei fantastisk utvikling dei seinaste åra og dette er noko me ynskjer å fortsatt utvikla.

Styret har derfor valt ut frå ei totalvurdering å gjera nokre justeringar i organisasjonen:

  1. Me går bort frå ein fast lønna sports koordinator for barne og ungdomsfotballen i klubben.
  2. Me ynskjer å spissa innsatsen mot trenarar og spelarar gjennom meir prosjektretta tiltak der me bruker pengar på konkrete tiltak me ynskjer å få gjennomført, i samråd med trenarar i barne og ungdomsfotballen. Eksempel på detta kan være kurs, trenar veiledning/ bistand i treningstida rundt trenings øvingar, eksterne foredrag etc. I tillegg vil og fotball skule og andre faste aktivitetar gjennomførast men då etter ny modell der me køyrer dette som prosjekt og ikkje som fast stillings instruks for ein stilling gjennom heile året.
  3. Ein del oppgåver som tidlegare år har lagt på sportskoordinator er no so innarbeid at oppgåvene kan tas på dugnad.
  4. Ein vil forsterka det sportslege utvalet som blir leia av sportsansvarleg i styrer, for tida Robert Lund. Her sit representantar for senior fotballen, styret, barne og ungdomsfotballen samt andre som ynskjer å bidra med fotball kunnskap og held ein overordna tråd i den sportseleg satsinga og raud tråd i klubben.

Me håper og trur at desse tiltaka vil, om mogleg, gjera fotball kvardagen endå enklare, meir givande og meir inkluderande mot klubben for alle frivillige trenarar, oppmenn og foreldre kontaktar – De gjer ein fantastisk og viktig jobb for klubben.

Me vil gjennomføra eige informasjonsmøte for alle onsdag 14 desember klokken 1900 i klubbhuset. Her vil me orientera om planlagt opplegg, samt ta i mot gode råd og innspel frå alle frivillige i barne – og ungdomsfotballen på kva me kan gjera betre for å motivera til frivillig heten som vi er så avhengig av for å driva klubben.

Det er frå styret viktig å understreka at dette ikkje er ei redusering av satsinga på barne og ungdoms fotballen men ei meir spissa styring for tiltak og drift av klubben