Oppstart basistrening

Norheimsund Fotball vil auke tilbodet til våre unge og lovande fotballspelarar og byrjar med felles basistrening.
Dette vert ei ekstra økt som kjem i tillegg til dei vanlege treningane med hovudvekt på styrke, spenst og kondisjon.
Instruktør er Hildegunn Berge Eide som har høg kompetanse og utdanning innan dette feltet.
Treningane vert kvar Torsdag og fyrste økt er  26/01/2017 og vil foregå inne i idrettshallen.
Me vil dela inne i fylgjande to grupper : 5-7 klasse kl 1345-1445 og 8-10 klasse kl 1445-1545.
Treningane er gratis. I fyrste omgang vil me halde fram til påske.
Vel møtt og me håpar å sjå flest mogleg jenter og gutar

Comments are closed.