Norheimsund Fotball satsar digitalt på talentutviklinga!

 

Interplay

 

Norheimsund Fotball ynskjer å gje spelara i klubben endå betre moglegheit til å bli betre.

Me har derfor, i samarbeid med Framnes, starta eit forsøksprosjekt med videoanalyse.

Styreleiar i klubben, Alf Kåre Hjartnes fortel fylgjande om prosjektet:
«Me er nok ein av få 5.divisjon lag i Noreg som tar i bruk videoanalyse. Detta gjer me ikkje fyrst og fremst
for at me skal få eit mykje betre a-lag men for å gje unge spelarar i klubben endå eit hjelpemiddel for å bli så gode som mogleg ».

Prosjektet er eit tett samarbeid med fotball miljøet på Framnes og kom i stand saman med Eivind Daniel Røed.
I tillegg har Eivind og Helge Nilsen med på laget her. Framnes vil ha ansvaret for både filming og analysearbeidet.
«Dette hadde ikkje vore mogleg om me ikkje hadde hatt det fotballfaglege miljøet på Framnes i ryggen.
Eivind og Helge er ressursar som er ettertrakta – og me er takknemleg for at dei ynskjer å bidra inn i klubben.
Med dei med på laget er ikkje berre analysearbeidet ivaretatt – men og praktisk bruk i tilbakemelding til spelarar på forbetring i kampsituasjon ».

Prosjektet er eit prøveprosjekt som blir knytt opp mot A-laget og deira kampar.
Men om dette er vellykka ynskjer klubben å utvida dette og ned mot yngre lag.

«Me ynskjer ikkje å hoppa på pengekarusellen som no er både i 4 og 5 divisjon
der fleire spelarar mottar løn for å spela for ein klubb. Me ynskjer heller å bruka ressursar
på denne type tiltak mot dei unge – og trur og håpar at dette gjer det mogleg for oss å halda
våre eigne talent lengre i klubben. I tillegg er dette og ein veg å gå for å få unge talent til klubben –
gjerne i kombinasjon med skulegang på Framnes.»

  Alf Kåre Hjartnes

 

 

“Hvorfor bruke videoanalyse» – frå interplay sine sider: http://interplay-sports.com/
· Det gjør det enkelt å visualisere forhold i spillet hvis man har situasjoner å vise på video.
· Kommunikasjonen med spillerne er mye mer effektiv
· Trenerne får omfattende kunnskap om egne spillere og ferdigheter i laget.
· Budskapet er interessant for spillerne og effektivt for trenerne.
· Analyse av neste motstander gir trenere og spillere viktig informasjon om sterke og svake sider til motstander-teams.
· Interplay analyserer angripende lag som gjør det enkelt å hente ut defensive situasjoner ut fra motstanders angrepsspill.
· Analysemetodikken bygger samtidig opp arkiv av motstandere teams.
· Hvis man tagger egne spillere når motstander har possession så blir dette automatisk tagget som «defence actions».

Robert Lund

Comments are closed.