Tour Des Fjords 2017

Er du glad i Norheimsund Fotball?
Er du glad i sykkel?
Er du glad i å koma på TV?
Om du kan svare JA på eit av desse spørsmåla er detta dugnaden for deg!


Norheimsund Fotball vil saman med Kvam sykkelklubb syta for sikkerheita under årets TourDesFjords med målgang i Norheimsund (Spektakulære Steinsdalsfossen) torsdag 25 mai.

Sjå løypa her: https://ridewithgps.com/routes/19927317

Norheimsund Fotball har tatt på seg å stilla med 70 personar over 16 år som bidreg på dagen. Oppgåva er å væra løypevakt i alle kryss og avkøyrslar rundt i kvam slik at ingen kjem inn i løypa til rittet. Opplæring vil bli gitt og med fint vær vil detta bli ei fantastisk oppleving.

For å gjera organiseringa mest mogleg smidig vel vi denne gongen å be om at kvart lag stiller med 6 personar på denne dugnaden. Då er det enklare for alle å bytta om det ikkje høver eller få andre til å ta vakta.
Me ber derfor om at kvart lag melder tilbake til dugnadsansvarleg Linn M Børven: linnmerethe18@hotmail.com på kven som stiller.
Me ber om tilbakemelding frå alle lag innan 5 mai.

Meir informasjon vil koma når det nærmar seg men me ber dykk allereie no om å setja av nokre timar den dagen for dugnad

Dette vil i år væra ein av to store dugnadar klubben tar, torgdagen i september er den andre.

Comments are closed.