Sola skin og mykje mål i Norheimsund

Det var 4 parallelle kampar i Norheimsund på Tysdag for våre yngre spelarar.

Spelarar, trenarar, foreldre og supportarar storkosa seg i solsteiken med mykje god fotball, mange mål og gode vaflar i kafeen. Kor mange vaflar og is som vart slukt er usikkert , men det vart laga 58 mål (!) :

-Norheimsund Raud mix 10(7 år) – Øystese :  13-1

-Norheimsund mix 09(8 år) – Øystese : 13-7

-Norheimsund 06(11 år) – Flagtveit : 10-5

-Norheimsund jenter 07/08(10 år) raud mot svart : 6-3.

 

Det vert cup i Tørvikbygd no på Laurdag for spelarar f 2007 -2010 og dei som ynskjer å sjå underhaldande fotball må møta opp !

Comments are closed.