PROFF LAURDAG

Tid: Lørdag 17 mars klokka 10-15
Stad: Norheimsund Stadion
Alderstrinn: 2003 – 2008

Norheimsund Fotball ynskjer å gje våre aktive spelarar (jenter og gutar) nokre inspirasjons laurdagar framover der ein får smaka litt på profflivet, høyra litt om profflivet og leva litt av profflivet 😊
Me vil saman med to gamle kjenningar frå landslag, Brann og profflivet Erlend Hanstveit (Brann, Gent, Helsingborg) og Trond Fredrik Ludvigsen (Brann, Bodø Glimt, Hertha Berlin, mfl.) starta opp Proff laurdagar. Her vil me trena litt som proffar samtidig som me tar oss tid til eit proff måltid med tilhøyrande proffprat med to som tidleg starta livet som fotballspelar i eliteserien.

1000: Oppmøte Norheimsund Stadion, husk leggskinn, treningskle og drikkeflase
1000 – 1130: Trening del 1
1130-1300: Lunsj og fotballprat (mat er inkludert i proffdagen så ingen niste er påkrevd)
1300-1500: Trening del 2
1500: Slutt
I tillegg til desse to vil me utvida med fleire assistentar ut frå påmeldingar. Om det fleire en spelarar frå Norheimsund Fotball som ynskjer å delta so er dei velkomne til det
Pris: Medlem i Norheimsund Fotball kr 0/ Andre som ynskjer å delta kr 250
Påmelding eller spørsmål sendes til alfhjart@gmail.com

Comments are closed.