Informasjon

100prosent

Stjerneakademiet skal vere eit kvalitetstilbod. Her skal vi ha kvalitet i det vi leverar som instruktørar, vi skal vise engasjement og vi skal ha det kjekt i lag. Alt i frå utstyr, kosthald og hygiene, til treningar med godt planlagde økter skal vere av god kvalitet. For å lukkast med dette ynskjer vi å få til eit samspel med spelarar som har gode haldningar og viser audmjukhet i forhold til læring. Instruktørar er Christian Kjosås og Eivind Madsen Skeie.

Stjerneakademiet er eit tilbod til dei som er glad i fotball og som ynskjer å verte betre fotballspelarar. Det er dermed ikkje sagt at tilbodet er retta mot dei beste, men dei som har mest lyst! Sjølv om det er eit fotballakademi så betyr ikkje det at det berre vil verte fotballtrening på bana. Det vil verte både praktiske og teoretiske økter. Vi vil komme innom tema som kosthold og livsstil, motorikk og koordinasjon. Teamspirit og anti-mobbing er noko av det som kan komme opp som tema i løpet av året. Fotballøkter kan vere både ute på feltet men også inne foran storskjermen. Vi prioriterer å lære borna om skadeførebygging og det vil komme opp som eit tema både i teori og på treningane. Alle økter starter med ei aktivering slik at kroppen kjem ordentleg i gong før sjølve fotballaktiviteten.

Foredrag og gjesteinstruktørar. I løpet av akademiåret vil Stjerneakademiet få besøk av eksterne spelarar og/eller trenarar som vil vere instruktørar og halde foredrag om kva som må til for å nå toppfotballen. Når det gjeld det fotballfaglege kjem vi til å ha ballen i fokus. Vi vil fokusere både på dei individuelle og dei relasjonelle dugleikane. Det vil vere mykje spel i øktene og vi ynskjer å lære spelarane å sjå på spelet.

gullbillet

 

Gullbillett

Kvart halvår vil vi dele ut ein gullbillett til den spelaren som utmerkar seg spesielt ved å vise gode haldningar, vere utviklingsorientert, ha god læringsevne i tillegg til å være ein sosial bidragsytar. Dette skal inspirere spelaren til å fortsette den gode haldninga.

Kosthold

Vi legg vekt på å inspirere til sunne og gode haldninger. Då vert det også viktig for oss å motivere til eit bra kosthold. Derfor har vi inngått avtale med Rema 1000 om å kunne hente ut mat slik vi meiner mat skal være innanfor eit idrettsmiljø. Kosthold er også noko vi kjem til å trekke fram i den teoretiske undervisninga i løpet av året.

Leksehjelp

Vi ynskjer å gi eit fotballtilbod som viser at skule og utdanning spelar ei avgjerande rolle i alle unge sitt liv. Vi krev like gode haldningar til leksearbeid som til fotballtreningane. Deltek ein ikkje når ein skal gjere lekser så deltek ein ikkje på fotballtreninga.

Utstyr

Vi har utstyrsleverandør gjennom Mo Sport, som i lag med øvrige sponsorar som GBS, KVAM Auto, Fargerike og Sparebanken Vest hjelp oss med alt nødvendig utstyr for å drifte Stjerneakademiet. Deltakarane vil ha felles utstyr, vi skal fremstå som like under treningane.

 

Våre sponsorar er med på å gjere Stjerneakademiet til eit strålande produkt!

 

Kontaktinfo

Periodeplanar

Haldningskontrakt

Stjerneakademiet_logo

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.