Norheimsund FK sitt fotballakademi

Stjerneakademiet_logo

I vår klubb legg vi stor vekt på å skape gode haldningar som forpliktar både spelarar, trenarar og foreldre/føresatte så lenge dei er med i klubben. Vi ynskjer ein fotballklubb med trygge rammer for spelarane, overskot hos trenarane, stort engasjement i foreldregruppa i eit haldningsskapande miljø. Vårt fotballakademi skal vere ei leiestjerne i denne prosessen. Derfor stjerneakademiet. Derfor inngår vi også ei haldningsavtale mellom klubben/trenaren og spelaren/føresatte. Sjå fane Haldningskontrakt.

Vi ynskjer å skape eit godt miljø der fotball og sosialt fellesskap bidrar til å skape tryggleik og trivsel for den enkelte. Klubben ynskjer å vere ein sentral aktør i nærmiljøet for å skape gode oppvekstvilkår for barn og ungdom. Derfor er positive haldningar noko av det viktigaste vi kan sette fokus på.

Instruktørane Eivind Madsen (til høgre) og Christian Kjosås, og medarbeidar Kirsten van Dijken
På vårt fotballakademi ynskjer vi at alle skal ha ei positiv åtferd og bidra positivt i miljøet, slik at alle trivast og at det er grunnlag for utvikling både på og utanfor fotballbana. Velkomen til Stjerneakademiet til Norheimsund Fotballklubb.

Vår arena vil vere i idrettshuset, idrettshallen og fotballbana. Idrettshuset vil vere vår samlingsstad. Her vil vi innføre noko vi kaller ”raud sone”. Dette er eit hygieneområde kor det ikkje er lov å bruke vått treningstøy, leggskinn, fotballsko osv. Vi legg til rette for god hygiene ved samlingar og under måltid. I «matsalen» vil det alltid vere eit krav om å bruke ”antibac” når ein kjem inn.

Leave a Reply

Your email address will not be published.