Foreldre- og trenarinfo

Her vil de finna relevant informasjon anten du er trenar, foreldrekontakt, oppmann eller forelder.

Foreldre:

For å delta på Norheimsund fotballklubb sin organiserte fotballaktivitet så skal det betalast medlems- og treningsavgift. Dette vert fakturert i MinIdrett kvar vår.

Kvar spelar må ha minimum ha spelardrakt frå klubbens kleskolleksjon. Dette bestillast på Mo sport. Både på trening og kamp skal spelar nytta fotballsko og leggskinn.

Vi oppmodar foreldre til å stilla opp på kamp og støtta opp borna si fotballaktivitet. Fotballforbundet har utarbeide nokre foreldrevettreglar som kan vera grei å lesa igjennom.

Laga i barnefotballen (6-12 år) spelar enten i kretsserien eller hardangerserien, mens laga i ungdomsfotballen (13-19) spelar i kretsserien. Sjå fotball.no for terminlister.

Trenar / Oppmann /Foreldrekontakt: 

Banetider og halltider må trenarar søkja om kvar vinter (utetider) og sommar (innetider). Søknad om treningstid sendast til sportsansvarleg.

Terminlister for kvart lag vert lagt ut på nettsida så snart det er klart
Fotballforbundet gir kvart år ut hefte med – spelarregler for all aldersbestemt fotball. Der står alt om storleik på baner, speletid, kampregler osv.

Norheimsund Fotballklubb ønskjer å få best mogleg informasjon ut på vår nettside. Dersom du har bilete eller korte artiklar frå cupar, kamper, samlinger eller anna som kan vera interessant så kan dette sendast til styreleiar.

Utstyr til laget som kjeglar, baller, vester, keeperdrakt osv. kjøpast inn frå vår utstyrsleverandør Mo Sport. All uttak av utstyr skal gå igjennom sportsansvarleg.

For at klubben skal få inn medlems- og treningsavgift så må laget ha oppdatert liste over spelarar. Oppdatert skjema sendast til sportsansvarleg. Frist for sending av liste over årets spelarar er 15.mai kvart år. Skjema for spelarregistrering.

Hospiteringsreglar:
Viss ein som trenar føler at ein spelar når eit høgare nivå og føler spelaren treng ei utfordring. Kanskje på eit lag høgare?

I eit kvart tilfelle er dette måten me gjer dette på:
1) Ein tek kontakt med Christian Kjosås på 99169435 og forklarer situasjonen.
2) Trenaren(ane) snakkar om saman om situasjonen utan spelar og kjem til ei løysing.
3) Ein snakkar med føresette, trenarar og spelar og informerer kva som vert bestemt.

Dommar:
Me i klubben er veldig fornøgd med at unge og engasjerte gutar og jenter vil vera med å dømme kampar.

Er ein sett opp på ein kamp:
1) Ein har med seg fløyte, mørke klede(svart, grå ) og sporty klede.
*har ein ikkje fløyte, tek ein kontakt med Christian Kjosås på 99169435 og ordnar dette i god tid før kampen(minst 1 dag før kamp).
2) Ein møter opp 15 min før kamp.
3) Skriv opp for deg sjølv på kva kampar du dømde.
4) Send inn oversikt(med fullt namn + kontonr + kva kampar ) slutten av vårsesong og slutten av haustsesong.