Utstillarinformasjon 2015

logo sort

Vi gjentar suksessen frå 2014 og ønskjer både kjende og nye utstillarar vel møtt til torgdag i Norheimsund laurdag 12. september 2015. Vi har som i fjor hovudfokus på kortreist mat, husflid og handtverk.

bilde 2 - KopiArrangementet trakk i 2014 cirka 3500-4000 gjester. Butikkar og utstillarane har meldt tilbake om veldig god omsetning under dagen, og noen melder til og med om rekordomsetning! Vi vonar at flest mogleg tar turen til Norheimsund denne dagen for å visa fram sine produkt!

Det er lagt ut ein video frå arrangementet i 2014 på nettet – https://vimeo.com/106054911

 Påmeldingsfrist for utstillarar er 15.juli 2015
  • Utstillaravgift per utstillar skal betalast ved påmelding til kontonr. 3530.05.02480, og vert ikkje refundert ved evt avbestilling. Hugs å merka innbetalinga med: “Utstillaravgift og utstillarnamn”. Prisar er spesifisert i påmeldingsskjema!
  • Nytt skjema for påmelding.
  • Alle vareslag/produkt som de skal selja / stilla ut skal meldast på. Spesifiser vareslag/ produkt under punkt 2 i påmeldingsskjemaet. Ved sal av matprodukt skal kopi av godkjenning frå Mattilsynet kunna visast fram under torgdagen!
 PRAKTISKE OPPLYSNINGAR:
  • Det vert underhaldning på storscene på torget gjennom heile dagen. I tillegg vert da underhaldning på kveldstid. Programmet er ikkje klart med da vert underhaldning av same kaliber som i 2014.
  • Vi gjentar suksessen med hest og kjerre, veteranbrannbil og Hardangerjakta MS Mathilde til kai gjennom heile torgdagen. Det vert også aktiviteter rundt det historiske og arværdige hotellet Thon Hotel Sandven.
  • Torgdagen i Norheimsund er eit utearrangement og de må i hovudsak stilla med eige telt i høve dårleg vær. Det vert eit lite fellestelt for dei utstilarane som ikkje har telt sjølve, men dette har avgrensa med plass og fyllast fort opp (Fellesteltet er no fullt).
  • Dersom de treng straum, må dette òg bestillast og spesifiserast i skjemaet (evt 3-fasa, kor mange ampere osv). Ta med dykk rikeleg med skøyteledning.
  • Overnatting skaffar de sjølve. Sjå oversikt på www.visitkvam.no Ta gjerne kontakt dersom de treng tips. (Det er lurt å bestilla i god tid.)
  • Endeleg program finn de på www.norheimsundfk.no i god tid før arrangementet. Vi oppmodar alle til å følgja torgdagen sin facebookside www.facebook.com/torgdagar . Facebooksida har idag 1200 følgjarar og denne vert nytta flittig til marknadsføring av arrangementet.
  • Lokalavisa Hordaland Folkeblad kjem ut tysdagen same veka som arrangementet med eigen del av avisa dedikert torgdagen. Denne utgåva er ein fulldistribusjon  og sendast til alle hustandar i Kvam, Jondal og omegn samt hytteeigarar på Kvamskogen Trykkeriet/Avisa vil ta direkte kontakt med dykk i august for å høyre om de ynskjer eigen annonse i denne utgåva. I tillegg vert da annonsert i andre lokalavisar i regionen.
  • Opningstider for standane er kl.1000-1630, og området vert opna for utstillarane kl.0800.

Påmeldingsskjema 2015
Påmeldingsskjema 2015 for matutstillarar

Hugs å senda påmeldingsskjema i retur seinast innan 15.juli 2015:

via e-post til post@norheimsundfk.nologo norheimsund næringslag

eller per ordinær post til

Norheimsund Fotballklubb
Postboks 198
5601 Norheimsund

Merk brevet med «Torgdagen 2015»

logo sort