Støtt NFK

Du kan støtta Norheimsund Fotballklubb på 3 måter:

  • Støtta klubben økonomisk gjennom eit støttemedlemskap
  • Vera grasrotgjevar når du tipper gjennom Norsk Tipping og bidra til at klubben får ein større del av Norsk Tipping sine grasrotmidlar
  • Bidra med dugnadsinnsats som:
    • Trenar/hjelpetrenar
    • Oppmann
    • Kafe-/kioskarbeider
    • Ein del av dugnadsgjeng knytt til bane-/anlegg eller rigging til arrangement.
    • Og anna arbeid som klubben treng hjelp til

—————————————————————–

grasrotandelen

Grasrotandelen gir deg som spelar moglegheit til å avgjera kven som skal ta imot noko av overskotet til Norsk Tipping. Kvar gong du spelar kan du velja å støtta det laget eller den foreininga du meiner fortener det mest. Vi oppmodar deg til å støtta oss i Norheimsund Fotballklubb.

For å vera grasrotgjevar må du vera kunde hjå Norsk Tipping.

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 5 prosent av spelinnsatsen gå direkte til din grasrotmottakar, og best av alt, verken innsats, premie eller vinnarsjanse reduserast.

Grasrotandelen gjelder for alle Norsk Tippings spel, bortsett frå Flax, Extra og Belago.

Gjennom å vera grasrotgjevar er du med på å oppfylla små og store draumar for din grasrotmottakar.

Du kan verta grasrotgjevar på ein av følgjande måtar:

  • Hos kommisjonæren
  • Mobilspel
  • Norsk Tipping sine nettsider
  • SMS, send Grasrotandelen 980458482 til 2020

For meir informasjon sjå www.norsk-tipping.no

grasrotandelen2

Leave a Reply

Your email address will not be published.