Inkluderingsfond

Alle skal ha moglegheit til å vere med – uansett økonomi.

Norheimsund FK ynskjer at alle våre medlemmer skal kunne delta på lik linje – og oppmodar derfor dei som har behov, til å søke støtte frå inkluderingsfondet til Kvam Idrettsråd.

Fondet skal bidra til å utjamne økonomiske forskjellar, slik at ingen barn eller unge blir ståande utanfor idretten.

Kva kan du få støtte til?

Inkluderingsfondet kan dekke kostnader knytt til fotballaktivitet, som:

  • Nødvendig utstyr (t.d. fotballsko, leggbeskyttarar, treningsklede)

  • Forsikring

  • Deltaking på cupar, treningsleirar eller samlingar

  • Treningsavgift

Merk: Medlemskontingent kan ikkje dekkast av fondet.

Slik søker du

Send ein e-post til post@norheimsundfk.no, og opplys om:

  • Namnet på personen det gjeld

  • Kva du/vedkommande treng støtte til

Norheimsund FK sender søknaden vidare til Kvam Idrettsråd.

Alle søknader vert behandla konfidensielt av styret i Norheimsund FK og Kvam Idrettsråd.

Neste
Neste

J13 vann Zinken Cup!