Over 40 ungdommar klare for dømming
Det var svært godt oppmøte då klubben arrangerte klubbdommarkurs i samarbeid med NFF Hordaland igår. Heile 37 engasjerte 13- og 14-åringar frå Norheimsund og Øystese møtte opp for å lære meir om dommarrolla.
I forkant av kurset hadde alle gjennomført E-læring og på kurset igår fekk deltakarane innføring i spelereglane og kva det vil seie å vere dommar. Engasjementet var stort, og klubben er svært nøgd med å sjå så mange unge som ønskjer å bidra til fotballmiljøet.
Tidlegare i vinter vart det også halde rekruttdommarkurs i regi av NFF Hordaland. Her deltok seks ungdommar frå Norheimsund, Øystese og Odda, som no er klare til å dømme kampar i dei eldre aldersklassane.
Klubben takkar NFF Hordaland for godt samarbeid, og ser fram til ein sesong med mange nye dommarar i aksjon.⚽