Rekruttdommarkurs i Norheimsund
NFF Hordaland arrangerte i helga rekruttdommerkurs hos Norheimsund FK. Kurset vart gjennomført laurdag og søndag 7.–8. februar, og samla seks deltakarar frå ulike klubbar i Hardanger.
Gjennom helga fekk deltakarane både teoretisk og praktisk opplæring i dommarrolla. No som kurset er fullført, vil dei nye rekruttdommarane bli sett opp på kampar i regi av NFF Hordaland, og får slik verdifull erfaring ute på bana.'
I løpet av mars blir det også organisert klubbdommerkurs i regi av NFF Hordaland. Me kjem tilbake med dato når det blir avklart.