Inspirerande møte med Håkon Opdal
Fredag 20. mars fekk me storfint besøk i Norheimsund, då den tidlegare toppkeeperen Håkon Opdal tok turen innom oss. Besøket skapte stort engasjement og glede blant både unge og vaksne.
På økta deltok 10 ivrige keeprar frå Norheimsund og Øystese, i alderen 12 til 19 år. Fokuset på økta var dei ulike prinsippa i keeperrolla, og deltakarane fekk ei lærerik og inspirerande samling med vekt på både teknikk, posisjonering og speleforståing.
Økta starta med teori inne i klubbhuset, før ho vart avslutta nede på banen med to timar treningsøkt med gjennomgang av ulike tema.
Det var òg trenarar til stades som observerte økta, slik at dei kan ta med seg øvingar og erfaringar vidare inn i treningskvardagen.
Opdal, som er godt kjend frå tida si i SK Brann og fleire år i norsk toppfotball, delte raust av erfaringane sine.
Deltakarane fekk òg høve til å stille spørsmål, og mange nytta sjansen til å få gode råd om både trening, motivasjon og keeperrolla. For dei unge keeparane var det ekstra stas å få trene med ein så erfaren profil.
I etterkant av økta fekk klubben beskjed frå Håkon om at han var imponert over nivået på keeprane!
Me takkar Håkon for besøket, og håpar vi får høve til å ønskje han velkomen att ved ein seinare anledning.