SK Brann på besøk

Mandag 23.mars fekk J14- og J16-laga i Norheimsund FK, saman med nokre ivrige J13-keeperar, eit svært kjekt og lærerikt besøk på trening. Tre spelarar frå SK Brann Kvinner, i tillegg til ein trenar frå Kniksen-akademiet, tok turen for å halde ei inspirerande treningsøkt.

Med nærmare 40 jenter på bana var det yrande liv og stor aktivitet gjennom heile økta. Brann-spelarane deltok aktivt, og var flinke til å både rettleie, dele nyttige tips og gi ros undervegs. Dette skapte ei trygg og motiverande ramme for alle deltakarane.

Leah Garen hadde også teke turen heim til moderklubben, og delte erfaringar frå vegen vidare frå lokalfotballen til spel på toppnivå. For mange av jentene var dette både inspirerande og lærerikt.

Landslagskeeper Selma Panengstuen fortalte om kvardagen som keeper i Brann og på landslaget. Ho delte også ambisjonen om å slå sin eigen rekord frå førre sesong – for flest kampar utan baklengsmål i Toppserien.

Tomine Svendheim tok oss med gjennom si fotballreise, frå barnefotballen i Arna-Bjørnar til spel på aldersbestemte landslag frå U15 og oppover, og vidare til toppfotball i Brann.

Besøket vart ei stor inspirasjonskjelde for spelarane våre, som fekk både fagleg påfyll og motivasjon til vidare satsing. Det betyr mykje å få møte gode rollemodellar som viser kva som er mogleg med innsats, glede og dedikasjon.

Norheimsund FK takkar for eit strålande besøk – dette gav verkeleg meirsmak!

Foto: Åsmund Mæland

Foto: Åsmund Mæland

Leah Garen på plass i Norheimsund! Til høgre: Tomine Svendheim.

Neste
Neste

Inspirerande møte med Håkon Opdal